BERGET

Oppdrag:
Reguleringsplan for Berget
Kunde: Stranda kommune
Tidsrom: 2007-2009
Storleik på planen: 100 daa

Bakgrunnen for planarbeidet var mangel på bustadtomter i Geiranger. Tilgjengeleg areal er sterkt avgrensa på grunn av skredfare og fare for flodbølgje. Planen omfattar eit kupert og til dels bratt naturområde i øvre del av bygda, på sørsida av riksvegen.

Planen legg opp til blanda bustadutbygging, med både einebustader og konsentrert småhusbusetnad (BK). Bustadområda er generelt planlagt med romslege tomter, slik at ein skal kunne få til gode tilkomstløysingar og uteopphaldsareal i det kuperte terrenget. Det er lagt vekt på å følgje naturlege avgrensingar for tomtearealet, slik at dei følgjer terrengformasjonar.

Planen viser også tomt for ny brannstasjon i Geiranger. Brannstasjonen må fungere i ein beredskapssituasjon, og må ligge høgare enn oppskyllingshøgda til ei eventuell flodbølgje som følgje av ras frå Åkneset. Andre viktige tema i planarbeidet var grønnstruktur og turvegar, samt vurdering av skredfare.